onsdag 24. oktober 2007

Frå første stund

So var det gjort og det var ikkje råd å gjere det ugjord heller, ikkje i eit bel, og slikt eit bøle eg var i, nett no, i verdsveven, var det berre å hoppe ut i det og blø digitalt. Eg hadde ikkje tenkt å velge orda mine uten å tenke, men det slo meg at når ein bløggar ein fisk, så forsvinn alt blodet, og det gjer ein for å kunne ete fisken, som etter at det har vorte bløgga, er ein kald fisk, slik som eg no kjenner det, eg bløggar og har laga meg min eigen bløgg, og eg ventar ikkje på at nokon skal kalle meg ein kald fisk berre fordi eg slenger nokro ord ut i verdsveven, men det gjer eg no, for fyrste gongen, på nynorsk, det er slikt eit høveleg språk for å verdsveven, eg ser for meg korleis dei digitale søkeagentane strir kampen mot desse orda, som ikkje er så lette å forstå for andre enn bygdefolk vestfrå.

Men i blandt kjenner man smerten fra 30-tallet, lengselen etter det usagte som ligger i bruken av ordene sne, frem, efterhånden og lysten er der til å gå bort til bokhyllen og finne frem en diktsamling av Alf Larsen eller Sigurd Hoel eller Hamsun og det er et deilig språk å være litt konservativ både på nynorsk og på bokmål, for oppgaven for i kveld kaller, og det er i kveld å skrive litt dialog og monolog, på nynorsk, til spelstykke, om to karar, som står der, midt i livet, med gråten i halsen, og bannar, dei er nyskilde, og no har dei ikkje eit liv, det har forresten ikkje eg heller, men det får eg skrive om seinare.

(dialogvarsel)
- For ho sa at ho hadde funne ein annan, og eg som nett hadde bygd garasje til bilen hennar. Eg trudde det skulle bli noko på meg når eg hadde fått grunna panelet på framsida.

- Eg visste heller ikkje om noko som helst. Eg sto og laga til taco ein kveld til ungane, det var fredag (det er vanligvis på laurdagen vi har taco-kos, men vi skulle på konsert den kvelden, alle vi fire), og så sa ho til meg, eg er så glad i deg, Per Knut, at eg ikkje gå leve med deg.

- Vi hadde vore gifte i 13 år og vore saman i 15 år, og det var jo klårt, det var jo ikkje so mykje liv i sengehalmen, men vi bygde hytte i staden, etter at vi hadde tapsert og pussa opp i andre etasje i huset, og vi hadde jo fått ny bil, for det hadde jo naboane, og eg visste ikkje at det var sånn stelt med henne at ho ikkje klarte å leve saman med meg.

- Det var jo aldri stas dei siste årane, men vi var jo eit par og gjekk på middagar saman og det var jo greit å ha nokon i huset til å ordne og stelle til, og ho var jo flink med det sosiale, ho bad inn folk som kom til middag og det var jo kjekt. Eg har jo aldri forstått det med det sosiale, eg trur det ligg best for kvinnfolka, eg likar meg best på jakt og å mekke bilar, kvinnfolka snakkar jo så mukje og fort heile tida, at dei har så mykje på hjarta er uråd og forstå.

- Og no sit eg her, på ein hybel, eg har ikkje råd til å kjøpe hus og det var takka for alt slitet med å bygge hus og garasjen og naustet og dei to terrassane på sørsida og på austsida og det var jo eg som betalte alle rekningane, medan ho gjekk på kurs og skule medan eg betalte skulepengane på BI, for noko drit, seie meg rett opp i anletet at dei som har skule har meir å snakke om, det er så urettferdig, og ho fekk jo fin jobb ho, og no er ho saman med han larven, den jævla kontorrotta, han ahr vel aldri slått inn ein einaste spiker og eg trur han aldri kjem til å hogge ved til ho, men pipa skal vel få ein annan lyd når dei må kjøpe ved for vinteren.

- Eg angrar på at eg ikkje brukte tida saman med henne til å sjekke opp mange damar, då kunne eg jo hatt dei gåande på gras og plukke dei opp etter tur no. Alle veit jo at for å få fitte , må du ha fitte, det er jo sånn det er og eg var jo helvetes dum som ikkje gjorde som dei andre kameratane mine som var fine i kjeften heime og store i kjeften ute, når me var ute og reiste på seminar og jobba i byen. Eg var dum som var trufast, kva har eg igjen for det no, eg er ikkje heilt korka heller, det står jo skreve i panna mi at eg er skild, eg veit jo at ordet nyskild står skreve i panna mi når eg er på diskoteket for å prøve å raska opp litt gamal røy for å få opp humøret litt, det er så urettferdig at belønninga er dette. Eg var jo litt glad i henne og eg trudde på det heile, og no har eg berre sorga att og det er tomt heime no, og eg savnar henne og eg må prøve å få tak i ei dame som kan hjelpe meg til å pula meg over sorga og inn i eit betre liv, med duk på bordet og mat som ikkje stammar frå mikroen. Dei einaste kvinnfolka eg kan få tak i, er vel dei russiske, det kostar og alle veit at dei drar etter tre år, på streken, men det kan jo vera bra å ha ei slik dame i tre år, iallefall for å trene seg opp att.

- Eg saknar ungane og alt det som var i kvardagen, når me sto opp alle saman i halvsjutida om morgonen og smurde matpakke i lag og vi drog alle saman heimefrå halv åtte, slik at ungane kom seg på skulen i tiden og kona mi kunne vera glad og eg hugsar at ho sa til meg at eg var flink som hadde fått opp den doble garasjen så fort. Uråd å forstå at ho kunne dra frå dette og flytta saman med han lærarjævelen der oppe på Bø. Eg har lyst til å stille han opp mot veggen og bruke spikarpistolen på han og så skal eg ringe til ho og spørje henne om ho likar menn som passar inn i møblementet. Det skal eg ja.


(dialogvarsel slutt)

Det var nok dialog for i kveld, dette er som sagt et stykke som skal handle om to nyskilte menn på nynorsk, med publikum i bygdenorge og det vil nok gå mange kveldar meg bløgging før eg får sving på denne typen dialog. Det skal vere til folket og for folket og der er ikkje eg, midt i mitt liv.

Ingen kommentarer: